Speler inn plate i Hareid kyrkje

Dei som kjem på konserten med Stig Ulv i Hareid kyrkje 13. mars får vere med på plateinnspeling.

Stig Ulv Onsdag 13. mars blir det plateinnspeling med Stig Ulv i Hareid kyrkje. Artisten likar ikkje å gå i studio, men føretrekkjer «live-innspeling»  Foto: Arkivfoto

Stig Ulv
  • Gitaristen Stig Ulv har til no laga fem album: «Strengetonar», «Klimprar», «Strengeklimpring», «Dur» og «Akustikar»
  • Stig Ulv skildrar sjølv musikken sin som instrumentalmusikk på nynorsk.
Nyhende

Stig Ulvestad frå Ørsta, med artistnamnet Stig Ulv, forklarer til Vikebladet Vestposten at han eigenleg hadde booka kyrkja til ein turné som han gjennomfører denne vinteren/våren. Men så har det seg sånn at parallelt med turnéen lagar han nye låtar. Desse nye låtane hadde han ikkje tenkt å gje ut før neste år, men så ombestemte han seg. No har han ti låtar som er klare.

- Så tenkte eg: kvifor ikkje slå to fluger i ein smekk, seier Stig Ulv.

Han er ikkje noko glad i å gå i studio for å spele inn plate. Den førre plata, Akustikar, som kom i 2017, vart spelt inn i Aasen-tunet. Rett nok utan publikum. Teknikar då, som denne gongen, er Sverre Walderhaug.

Plukkar ut det beste

Sverre Walderhaug blir med og gjer opptak av både konserten i Parken kulturhus (10. februar) og Hareid kyrkje (13. mars).

Så vil dei plukke ut dei beste innspelingane frå kvar plass og setje det saman til ei plate med ti låtar.

Den nye plata får tittelen «Gitarferd» og skal sleppast den 22. juni. Titlane og alt er klart, så no er det innspelinga som står att.

Stig Ulv røper at han går ut i pappaperm 1. april, så han må ha alt unnagjort før det.

Ein av låtane på den nye plata har han spelt inn på singel tidlegare, men alle dei andre ni er nye og ikkje spelt for publikum før.