Væpna politiaksjon i Ulsteinvik fredag ettermiddag:

Har kontroll på vedkomande

Tre av dei i alt fem politibilane som blei sendt til staden under aksjonen.  Foto: Tipsar.

Nyhende

Operasjonsleiar i politiet, Arild Reite, fortel at politiet fekk kontroll på vedkomande raskt etter at fleire politifolk med våpen og skjold tok seg fram til området ved Høddvoll.

Eit vitne på staden fortel Vikebladet Vestposten at politiet først oppsøkte ein bustad i jakt på ein person, men at vedkomande kom ut av ein annan bustad like i nærleiken og sjølv gav seg til kjenne for politiet.

Ifølgje politiet var vedkomande ein person dei skulle prate med i høve ei straffesak.