Mindre grønsaker på lager

Nok poteter Medan det i år er vesentleg mindre norske grønsaker på lager, er det rikeleg med poteter.  Foto: NTB scanpix / NPK

Nyhende

Tørken i fjor sommar gjer at det er til dels mykje mindre grønsaker på lager enn det brukar å vera. Men poteter er det framleis mykje av.

Det viser ei oppteljing Landbruksdirektoratet har gjort ved nyttår.

Når det gjeld grønsaker gjekk tørken i fjor særleg ut over gul løk. Samanlikna med i fjor på same tid er det no rundt 70 prosent mindre gulløk på lager, fortel direktoratet på eigne nettsider.

Også produksjonen av rosenkål blei hardt ramma av tørken, og lagertala er rundt 65 prosent lågare enn i fjor. Men på den andre sida er det framleis ein del rosenkål i åkeren som ikkje er hausta.

Det er også mindre gulrøter på lager, men uvanleg god kvalitet gjer at lageret av gulrøter likevel kan halda seg fram til mai, opplyser direktoratet.

Men poteter er det framleis rikeleg av, men kvaliteten er varierande og det er difor uvisst kor lenge dei held seg.