Nytilsette Erlend håper på engasjerte innbyggjarar

– Engasjement er aldri negativt. Målet med jobben min er at innbyggjarane skal få betre kunnskap om Hareid kommune, slik at dei kan involvere seg meir.

Ny: Erlend Friestad er nytilsett i Hareid kommune, og ny innbyggjar i kommunen. Her framfor Hareid rådhus som er under renovering, og som han enno ikkje har vore på innsida av.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

Orda kjem frå Erlend Friestad (38), nytilsett formannskapssekretær og informasjonskonsulent i Hareid kommune.