Sande kommune på gli i samarbeid om brannvern

Nyhende

Også Sande kommune er komne på gli til å vere med på eit brannvernsamarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre, melder Vestlandsnytt.

Utvalet for næring-, teknikk og miljø har tilrådd at Sande skal seie seg positive til å greie ut eit formalisert samarbeid om brannvern mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Ørsta. Dei andre kommunane, med unntak av Ørsta og Sande, har vedteke å greie ut eit slikt formalisert samarbeid.