Biskopen kjem til Ulstein

22. januar kjem biskop Ingeborg Midttømme til Ulstein sokn der ho vil verte presentert for arbeidet som vert gjort her.  Foto: Møre Bispedøme

Nyhende

Biskopen i Møre bispedømme, Ingeborg Midtømme, gjestar Ulstein sokn 22. januar til 3. februar: Besøket er delt opp i to bolkar, 22. - 23. januar og 31. januar til 3. februar. Årsaka til dette er at Midtømme skal til New York for å dele sine tankar om klimaspørsmål og rettferd overfor FN.

Under visitasen vil biskopen få presentert arbeidet som går føre seg i soknet.

"Temaet krinsar kring å bygge kyrkje gjennom fellesskap og bygg, og fokus på våre felles utfordringar knytt til miljø og klimaspørsmål slik at vi tek vare på skaparverket. Difor er programmet lagt opp til å vise mest mogleg av aktivitetane og møte flest mogleg av dei som engasjerer seg for kyrkja sitt arbeid. Visitasen er også tilsyn med arbeidet og biskopen vil gje vurderingar og råd til arbeidet framover", fortel Ulstein sokn på nettsidene sine.

Sist biskopen hadde visitas var i 2011, då gjesta Midttømme både Hareid og Ulstein.

På programmet for biskopen sitt besøk står følgjande:

Tysdag 22. januar vert det besøk i Blåtinden barnehage i Haddal og bedriftsbesøk hjå Rolls Royce Marine der ein vil sjå nærare på berekraftig innovasjon. Biskopen skal også møte årets konfirmantkull, soknrådet og planutvalet for nytt kyrkjebygg.

Den 23. januar deltek Midttømme på frukost på ungdomskulen der ho vil få vite meir om MOT- arbeidet. Ho får også møte kommuneleiinga. Biskopen deltek også ved lunsjbøn i kyrkja og får deretter presentert dåpsskulen og tensing og får møte Nykyrkjekarane.

Etter eit lite mellomspel i New York kjem biskop Midttømme tilbake til Ulstein. Torsdag 31. januar deltek ho på skulegudsteneste for elvar frå 4. - 7. trinn. Her vert temaet miljøspørsmål. Biskopen skal også halde andakt på sjukeheimen og på Bygdastova. På biblioteket vert det ope fagmøte med lærarar. Biskopen for også stifte nærare kjennskap med tiltaka "Endeleg torsdag" og "Torsdagskveld på Fredheim".

Laurdag 2. februar deltek biskopen på DRYPP undomsgudsteneste, medan visitasen vert avslutta søndag 3. februar med visitasgudsteneste, kyrkjekaffi og biskopen sitt visitasforedrag.