Sløkkjer stjerna i Melshornlia

Søndag 13. januar er det tjuande dag jul, og Hafest skal sløkkje stjerna i Melshornlia.

Lyst frå seg: Søndag klokka 22.00 blir Hafest-stjerna i Melshornlia sløkt. Ho skal få kvile til 1. søndag i advent.  Foto: Svein Smørdal

Nyhende

Stjerna har lyst sidan 1. søndag i advent, 30. november.

– Vi har utelukkande fått berre positive tilbakemeldingar, og dei har vore mange, fortel leiar Arild Grimstad i Hafest.

Men han skundar seg å legge til at det same dag som stjerna vart tent kom eit innspel om at ho lyste litt for svakt.

– Og det gjorde vi noko med straks. Vi kjøpte eit ekstra sett med lyslenker som vi festa på, slik at der vart dobbelt lyssett. Og sidan har det vore berre vellæte, fortel Grimstad.

Frå gammalt av er det tradisjon å rydde vekk jula 20. dag jul, og Hafest-gjengen synest der er ein grei tradisjon å tenne ho 1. søndag i advent, og sløkkje ho 20. dag jul.