Innbrot i bruktbutikk

Tjuvar stal kollektbøsse

Nyhende

I løpet av helga har det vore innbrot i bruktklebutikken Sarepta i Bjørndalsvegen i Ulsteinvik. Tjuvane har forsynt seg med pengar frå kassa, samt frå ei kollektbøsse som stod utplassert i butikken. Politiet foretok undersøkjingar på åstaden søndag.

Det er pinsekyrkjelyden Filadelfia som driv bruktbutikken. Då vi snakka med forstandar i Filadelfia Arnt Vidar Ulstein,søndag kveld, hadde han enno ikkje fått danna seg eit oversyn ovar omfanget av innbrotet. Han trur likevel ikkje at det kan ha vore så store verdiar som har blitt borte.

- Vi har lagt vekt på å ikkje oppbevare store summar i lokalet, seier han

I følgje operasjonsleiar Erik Mikalsen som smp.no har snakka med, utgjer beløpet mellom 5.000 og 10.000 kroner. Han fortel vidare at tjuvane har tatt seg inn gjenom ei kjellardør. Politiet har førebels ingen mistenkte og tek gjerne i mot tips frå folk som kan ha sett noko som kan setjast i samband med innbrotet.