Forsking:

God bemanning avgjerande for gode barnehagar

God bemanning og barnehagelærarar som er til stades kjenneteiknar gode barnehagar, viser omfattande forsking.

Nok vaksne er viktig for gode barnehagar viser ny forsking. Ei ny norm skal sikra at det minst skal vera ein vaksen per fem barn i norske barnehagar.   Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): Gjennom prosjektet «Gode barnehagar for barn i Noreg» (GoBaN) har forskarar følgt over 1.200 barn i fem år, frå 2013 til 2018. Tiltaket er det største forskingsprosjektet innan barnehagefeltet her i landet nokon gong, fortel Kunnskapsdepartementet.

Forskinga viser at kvaliteten på barnehagane her i landet varierer mykje, men at dei gode barnehagane har nok vaksne og pedagogar som er til stades.

– Maks fem barn per vaksen

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner meiner utviklinga går rett veg når det gjeld bemanning i norske barnehagar. Han peikar mellom anna på at regjeringa i fjor haust innførte ei bemanningsnorm om at det maksimalt skal vera fem barn per kvar vaksen i norske barnehagar. I OECD er det til samanlikning 11 barn per tilsett i barnehagane.

Sanner seier vidare at det er sett av 262 millionar kroner for å sikra ei god innføring av norma, og at det i år i tillegg blir løyvd 430 millionar til kompetanse og kvalitetstiltak.

Oppmoding til kommunane

Funna viser samtidig at mindre gode barnehagar kan bli betre på hygiene, tryggleik, tilgang til materiell/leikar og samspel og språk. Sanner meiner fleire av desse tilhøva enkelt kan følgjast opp lokalt. Han oppmodar difor kommunane til å bruka resultata frå forskinga til å betra tilbodet.

– Fleire av problema kan løysast med lokale og rimelege løysingar, som til dømes betre handvask og tilsyn ved soving, seier han.

Statsråden meiner samtidig det er viktig at barnehageutdanningane gjev barnehagelærarane nok kompetanse.

Resultata frå undersøkinga skal også brukast i arbeidet med stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som regjeringa skal leggja fram til hausten.