Historia om søskena Øvrelid

Å lide for døve øyre

Fem søsken vart mishandla under oppveksten i Ulstein og Hareid. At ingen greip inn, er det som plagar dei mest i dag.

  Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Kanskje bygda vil sjå på oss på ein litt annan måte

Hilde-Kristin, den yngste av søskena, håpar det kjem noko godt ut av at erstatningssaka vert allment kjent
Nyhende

Ingen kjenner den fulle historia. No er ei stor erstatningssak mot dei to kommunane under oppsegling.

Søskena heiter Sveinung, Margareth, Egil, Linda og Hilde-Kristin. Dei møtte den profilerte advokaten Mette Yvonne Larsen i Oslo i fjor. Det var første gong på over 40 år at søskena var samla.