Støttar bygging av skulebibliotek i Tanzania

Inntekter frå romjulskonserten med Holy Ghost Band kjem no borna ved ein barneskule i Tanzania til gode.

Bibliotek: Bygginga av eit bibliotek ved Bethel pre- and primary school kan snart ta til. mykje takka vere midlar frå gjevarar i Noreg. Birgitte Fondevik og Magne Grimstad frå Ulsteinvik er ein del av prosjektet og gjestar i desse dagar rektor Neema Mamkwe og skulen i småbyen Himo i Tanzania. Foto: Privat 

Nyhende

Ekteparet Birgitte Fondevik og Magne Grimstad frå Ulsteinvik gjestar i desse dagar Bethel pre- and primary school i den vesle byen Himo i Tanzania. Med seg i bagasjen har dei 20.000 kroner som skal gå til bygginga av eit bibliotek ved skulen. Pengane kjem mellom anna frå mimrekonserten som Magne Grimstad skipa til saman med dei andre medlemmene i Holy Ghost Band i romjula.

Det er smått med pengar ved skulen og elevane må difor dele på lærebøkene. Pensum vert skrive av frå lærebøkene eller frå det læraren har skrive på tavla.

Saman med mange andre har Magne og Birgitte vore med på å samle inn pengar for å bygge eit bibliotek ved Bethel.

– Det er veldig sterkt og gjevande å få vere ein del av dette prosjektet og gledeleg å sjå at biblioteket no snart er fullfinansiert og arbeidet snart startar opp, seier Magne Grimstad.

Elevane ved skulen har swahili som morsmål, medan engelsk er eitt av dei to offisielle språka i Tanzania. Undervisninga går føre seg på engelsk. Biblioteket vil bestå av afrikanske barne- og ungdomsbøker, i tillegg til ei samling litterære klassikarar på engelsk.

Det er ekteparet Neema Alex og Godbless Mamkwe som eig og driv skulen. Privatskulen har rundt 500 elevar og 150 førskulebarn. Elevane betalar for skuleplassen, men Neema og Godbless har også opna skulen for fattige og foreldrelause slik at dei kan få høve til å finne ein veg ut av fattigdomen.