– Uvanleg med så gamle erstatningssaker

Professor i erstatningsrett, Bjarte Askeland ved Universitet i Bergen, har med stor interesse lese historia til dei fem Øverlid-søskena.

professor: Bjarte Askeland er professor i erstatningsrett ved Universitet i Bergen. Foto: Privat  Foto: Privat

Eg kan ikkje hugse å ha sett liknande saker her i landet

Nyhende

– Eg kjenner saka berre gjennom media, så eg må svare litt generelt. Det finst mange tilfelle som gjeld søksmål mot kommunar, men det er svært uvanleg at folk går til søksmål om forhold som ligg så mange år tilbake i tid, seier Askeland.

Dei fem Øvrelid-søskena er i dag mellom 53 og 63 år gamle. Dei har saksøkt kommunane Ulstein og Hareid for ikkje å ha gripe inn då dei vaks opp med mishandling på 60- og 70-talet.