– Vi byrja å snakke om ny kortur alt på turen heim

I 2017 reiste Sunnmøre prosjektkor til Chile og Argentina. No er musikalsk ansvarleg Erland Dalen i gang med samle saman eit nytt kor, og denne gongen går turen til Kina.
Nyhende

Møre-Nytt: – Dette er ein veldig fin måte å vere med i kor på, bli kjent med mange som bur i kommunane på Søre Sunnmøre og som har dei same interessene. Du treng heller ikkje å ha vore med i kor før. Eg hadde ikkje vore med i kor før turen i 2017, seier Tov Are Lia som er ein av fleire lokale korsongarar som skal vere med til Kina.