Fleire medaljar til Dimna IL

Fride Møller Flatin med gullmedaljen.   Foto: Arve Hatløy

Nyhende

I helga er det NM i friidrett. Meisterskapen blir arrangert i Haugesund.

Fride Møller Flatin fekk NM-gull under 3000 meter kappgang i dag. Ho sette personleg rekord med tida 14.38,87.

Kvinner Junior

Johanne Rise Kvalen kom på tredjeplass i høgde utan tilløp. Ho hoppa 1,3 meter. Anna Garnes Kleven kom på åttandeplass i same øving, ho hoppa 1,15 meter.