– Det er nok mange som ventar på alt det artige som skulle kome

Det er ein av mine personlege motivasjonar med å gå inn i Hødd, at det skal bli mykje artig i tida framover.

Ivar Morten Normark
Nyhende

Hødd har vore ein gjengangar i lokalavisa dei siste månadene, både på leiarplass og i nyheitene.

Vi kjem ikkje utanom denne veka heller.

Dei siste månadene står i skarp kontrast til det Ivar Morten Normark sa då han vart vald til leiar i fotballstyret i mai i fjor: «Det er ein av mine personlege motivasjonar med å gå inn i Hødd, at det skal bli mykje artig i tida framover».

Det er nok mange som ventar på alt det artige som skulle kome. I staden blei det permitteringar, ikkje opprykk, nok eit år med underskot, oppseiingar, problem med å setje opp eit 2019-budsjett.

I prosessen med å få det Normark kallar ei berekraftig drift i klubben, har dagleg leiar og sportssjefen sagt opp. Torsdag denne veka vart det klart at Sindre Eid ikkje blir med vidare som trenar for A-laget. «Eg gav signal om at eg ville halde fram, men styret sa nei», fortalde han til lokalavisa då nyheita kom. «Det stemmer at vi sa nei til å diskutere forlenging av kontrakten hans på det noverande tidspunktet», seier Normark.


Det er naturleg at fotballstyret har ein finger med i spelet i det meste som skjer i IL Hødd Fotball. Dermed er det mange som skuldar styret for at det ikkje har vore så mykje artig i Hødd den siste tida.

Dei ulike gruppene i klubben skal ha sine årlege møte i løpet av februar. Onsdag 13. februar er det medlemsmøte på Høddvollhuset. Ein månad etterpå, 12. mars, er det årsmøtet i IL Hødd. Då blir det spennande å sjå om det blir gjort endringar i fotballstyret.