Ane Dahl Torp:

– Viktig å fjerne kjønnsperspektivet i fotballen

Ane Dahl Torp og John Carew meiner det er umogleg å spå om fleire kvinner vil markere seg som fotballtrenarar som følgje av TV-serien «Heimebane».

Klar for ein ny sesong: Skodespelar Ane Dahl Torp er klar for ein ny sesong av «Heimebane».  Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NP

Nyhende

Dahl Torp og Carew speler hovudkarakterane i dramaserien, som no er aktuell med sesong to. I serien er Dahl Torp trenar for fotballklubben Varg IL. Det er sjeldan ein ser ein kvinneleg hovudtrenar for ein toppklubb.