Gi det ein sjanse

NYTT LIV FOR MATAVFALLET: Innbyggjarane i Hareid kommune får om kort tid sjansen til å sorterte ut matavfallet sitt. Her ser vi bilde frå den første matavfallshentinga i Ulstein 23. november. Foto: Andrea Øien Sæverud/SSR 

Nyhende

- Politikarane i kommunane våre gjorde noko uklokt då dei godtok den nye henteordninga til SSR, ytra ein anonym hareidsmann seg i Ventilen i papirutgåva av Vikebladet Vestposten på laurdag.

Eg forstår godt at han er skeptisk til at hentefrekvensen til SSR blir endra. Dei fleste av oss er laga slik at varsellampane slår seg på når det gode, gamle endrar seg. Det kan derfor vere greitt å vite litt meir om grunngjevinga for ei slik omvelting. Kanskje er ikkje politikarane så ukloke likevel?

Om eitt år, i 2020 vil det gjennom EU-regelverk kome krav om utsortering av matavfall. Her på våre kantar er vi ute i seinaste laget, då over 70 prosent av norske kommunar allereie har innført matavfall. Ordninga måtte altså kome, anten SSR, politikarane eller innbyggjarane ville eller ei.

Ein konsekvens av å sortere ut matavfall, er at restavfallet vil minke kraftig. Vi ser at ulsteinvikarane som har kome i gang med ordninga, meistrar denne utsorteringa godt. Er du flink til å kjeldesortere, skal det altså ikkje vere noko problem med henting av restavfall ein gong i månaden. Mange har også mykje å hente på å sortere ut meir plastemballasje frå restavfallet.

Så forstår vi at enkelte ser mørkt på at papirdunken og plastsekken skal hentast ein gong i månaden. Men erfaringsmessig har det til no vore svært mange halvfulle papirdunkar ved henting kvar 14. dag, og mange som ikkje set ut plast ved kvar henting. Skulle vi ha henta papir og plast like ofte som før, og samtidig innført matavfall på grunn av krava frå styresmaktene, hadde det blitt seks hentingar i månaden. For å klare det måtte vi ha hatt både fleire tilsette og fleire bilar - og gebyret dermed gjort eit kraftig hopp.

Eigarane våre, politikarane, valde altså å endre hentefrekvensen til det som er standard veldig mange andre stader i landet, i staden for å la innbyggjarane måtte ta ei feitare rekning for ei mindre effektiv henteordning. I den nye ordninga er det like mange hentingar som før, fire. SSR brukar like mykje tid, folk og bilar på jobben vi gjer som tidlegare. Skilnaden er at avfallet er betre sortert.

Som ein bonus kan SSR-abonnentane i tillegg sette så mange pappkasser o.l. som dei vil ved sida av papirdunken dersom han er full, ei ordning få andre renovasjonsselskap tilbyr.

Sidan innsendaren bur på Hareid, har han ikkje prøvd ordninga i praksis enno. Vi håpar han og alle andre hareidsdølar blir positivt overraska og kan gi endringa ein sjanse før dei dømmer den nord og ned. Skulle det likevel hope seg opp med restavfall, kan ein kjøpe SSR-merka ekstrasekkar til restavfall til 25 kroner på miljøstasjonen i Saunesmarka. Den kan ein sette ved sidan av restavfallsdunken på hentedagen. Hadde du budd nord i Trøndelag og skulle gjort det same, ville det kosta deg 150 kroner for ein tilsvarande restavfallssekk.

Og medan vi snakkar om andre. Våre gode naboar i nordfjordkommunane har hatt ein slik hentefrekvens som vi no innfører i mange år allereie. Det går visst heilt fint der. Då har vi trua på at innbyggjarane her også skal klare det. At papirdunken blir tømt ein gong i månaden, er elles standarden for alle kommunane i Møre og Romsdal.

Innsendaren er elles redd for at folk kjem til å kaste ting i naturen når henteordninga blir endra. Vi har trua på at innbyggjarane i Hareid er smartare enn som så. Og så håpar vi at folk kan ha trua på at politikarane og SSR handterer renovasjonsordninga på ein klok måte. Gjennom gjensidig tillit dreg vi lasset saman og får til ein dugnad for ei meir berekraftig framtid.

Lykke til med sorteringa, gjerne ta kontakt direkte med oss dersom du har spørsmål. Minner elles om at alt dette kan du levere gratis på miljøstasjonen i Saunesmarka: elektrisk og elektronisk avfall, plastemballasje, tekstilar, glas- og metallemballasje, isopor, papp og papir, kvitevarer, reine dekk utan felg, hageavfall, metall, farleg avfall, eternitt/asbest, impregnert trevirke og vindauge med pcb eller klorparafinar, batteri og lyspærer.