Sat som sild i tønne for å høyre om Møre Ocean Lab

Tilhøyrarane sat tett som sild i tønne for å lytte til professor Hans Petter Hildre fortelje om kjempelaboratoriet i Storfjorden.

Fjorden professors: Professor Hans Petter Hildre ved NTNU i Ålesund fortalde ivirg om dei store moglegheitene ein vil få ved å nytte Storfjorden som eit fullskala laboratorium. 

Nyhende

Det var ingen ting å utsetje på oppmøtet. Nærare 130 personar hadde møtte fram på Hareid Rotary sitt opne møte på Melshorn Hotell. I samarbeid med Hareid Næringslag hadde Rotary invitert instituttleiar for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, professor Hans Petter Hildre, til å fortelje om Møre Ocean Lab. Å etablere eit fullskala forsøkslaboratorium i Storfjorden er tydelegvis eit emnet som vekkjer stor interesse, ikkje minst med tanke på det potensialet ei slik satsing kan ha for det lokale næringslivet.

No snakka ikkje Hildre så mykje om kva ringverknader Møre Ocean Lab kan få for Hareid. Men i eit globalt perspektiv vil havet ha mykje å seie i åra som kjem.