Sjømateksport for 8,6 milliardar kroner i januar

Noreg eksporterte 200.600 tonn sjømat for 8,6 milliardar kroner i januar. Det er ein reduksjon på fire prosent i volum sidan i fjor.

Illustrasjonsfoto  Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix/NPK

Nyhende

(NPK-NTB): Samtidig auka verdien av eksporten med 922 millionar kroner, som utgjer ein verdiauke på 13 prosent.

– Vi har så vidt rokke å feire rekordtala for i fjor før næringa set ny rekord. Det er imponerande. Bak rekordtala ligg arbeidsplassar og verdiskaping som gir ringverknader i heile landet, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Auka etterspurnad har gitt ein prisauke på laks. Gjennomsnittsprisen for fersk, heil laks i januar var 62,93 kroner per kilo mot 56,99 kroner per kilo i januar i fjor. Det utgjer ein verdiauke på 14 prosent.

Totalt vart det eksportert 86.000 tonn laks til ein verdi av 5,7 milliardar kroner i førre månad. Det er ein auke på 1.800 tonn sidan januar i fjor. Polen, Frankrike og USA var dei største mottakarane av laks frå Noreg.

Eksporten av reker, aure og fersk torsk har også auka betrakteleg. Samtidig har det vore ein nedgang i eksporten av sild, saltfisk og fersk torsk.

Totalt vart det eksportert 4.700 tonn fersk torsk og skrei, som er ein reduksjon på 900 tonn. Verdien er den same som i fjor. Etterspurnaden etter skrei har likevel auka betrakteleg, totalt vart det eksportert 900 tonn skrei i førre månad.