Mari-Louise Uldbæk Stephan frå Ulsteinvik

Skal servere vaflar under Ski-VM

Mellom dei mange som tek turen til Seefeld i Austerrike i samband med Ski-VM i månadsskiftet februar – mars, finn vi Mari-Louise Uldbæk Stephan frå Ulsteinvik. Ho skal servere vaflar til nordmenn som er svoltne på meir enn norsk VM-gull.

Til Seefeld: Under Ski-VM i Seefeld som startar 21. februar vert også Sjømannskirken - Norsk kirke i utlandet til stades. Ei av dei som vil vere med å servere vaflar og møte folk i den midlertidige sjømannskyrkja er Mari-Louise Uldbæk Stephan frå Ulsteinvik. 

Nyhende

Mari-Louise arbeider i kommunikasjonsavdelinga i Sjømannskirken. Vanlegvis jobbar ho på hovudkontoret i Bergen, men frå 24. februar til 3. mars vil ho vere ein del av staben til Sjømannskirken under Ski-VM i Seefeld, Austerrike.