Ulik praksis i Ulstein og Hareid – fylkesmannen svarer:

– Det er ein uønskt praksis å dumpe snø i sjø

Ein tipsar sende Vikebladet Vestposten eit bilde av ein lastebil som tippa oppsamla snø på sjøen i Ulsteinvik. – Ja, det er vår lastebil, vedgår kommunen. Fylkesmannen seier praksisen er uønskt.

Geileneset Ein av lastebilane til Ulstein kommune dumpar her snø på havet på Geileneset onsdag. Ein tipsar sende bildet til Vikebladet Vestposten og spurde seg om dette var lovleg. Det viser seg at tolkinga av forureiningslova er ulik i Ulstein og Hareid – og at fylkesmannen meiner det er ein uønskt praksis.   Foto: Tipsar.

Nyhende

Tysdag fekk redaksjonen tilsendt hovudbildet i denne saka frå ein lesar, som lurte på om dette var lovleg praksis. Arne Runar Vik, kommunalsjef for teknisk eining i Ulstein kommune, vedgår at lastebilen som dumpa snø på sjøen på Geileneset er ein av kommunen sine. Det var nyleg ei sak i Sunnmørsposten om dumping av snø på sjøen i Ålesund. Der forklarte Oddvar Kongsvik, avdelingsleiar for veg, anlegg og park i kommunen at snøen som låg i sentrum ville hamne i havet uansett, og at det difor var greitt å dumpe den på denne måten.

– Jau då, dette var vår lastebil. Eg er einig i det Kongsvik i Ålesund kommune seier, og meiner det same gjeld her i Ulsteinvik. Alt av snø vil hamne i havet på eitt eller anna tidspunkt, og vi har ikkje krav om at snøen må reinsast før den dumpast – slik som dei til dømes har i Oslo. Med relativt lite snø i løpet av eit kalenderår er det heller ikkje så ofte at det er behov for å rydde så mykje. Det er snakk om nokre få lass i året, og dette er ikkje omfattande forureining slik eg ser det.