- Dei skulane som vi har, skal vi ha

Fellesrådet og Levekårsutvalet ønskjer å behalde dagens skulestruktur

- Eg vil fjerne all støyen som ordet "skulestruktur" skaper og legge denne ballen død, seier Marianne Breivik  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Eit av framlegga som har kome fram i samband med arbeidet rundt den såkalla Omstillingspakken, eit prosjekt der målet er å finne ut korleis ein kan spare pengar i Ulstein kommune, er å legge ned Haddal skule. Dette meiner ein kan gi ei årleg innsparing på tre millionar kroner.


Effektiviseringsprosjekt foreslår skulekutt:

Fire eller to barneskular?

Skal Ulstein ha fire, tre eller to barneskular? Skulestrukturen er noko av det som no skal diskuterast når tre arbeidsgrupper har kome fram til ulike nedskjeringstiltak i Ulstein.

 

Prosjektet er no ute til handsaming i kommunale råd og utval. Då Levekårsutvalet og Fellesrådet i Ulstein diskuterte saka på sine møte på høvesvis onsdag 6. og tysdag 5. februar, vart ein i begge fora einige om at nedlegging av skular ikkje skal vere ein del av Omstillingspakken.

Fellesrådet gjorde eit samrøystes vedtak om at skulenedleggingar ikkje skal nyttast som middel i den pågåande omstillingsprosessen. Vedatket vart gjort etter eit framlegg frå leiaren i rådet, Ottar Kaldhol (Ap).

Også i Levekåret var eit knapt fleirtal, fem mot fire røyster, einige om at alt innhald som omfattar endring av skulestruktur må fjernast frå omstillingspakken. Framlegget til vedtak var det Marianne Breivik (Ap) som kom med.

- Eg vil fjerne all støyen som ordet "skulestruktur" skaper og legge denne ballen død, seier Marianne Breivik i ein kommentar til Vikebladet Vestposten.

Ho vil ha fjerna heile punktet om skulestruktur frå Omstillingspakken.

- Dei skulane som vi har, skal vi ha. Eg ser ingen grunn til å flytte Haddal-elevane til Hasund der skulen allereie delvis held til i brakker. At skulestruktur i det heile vert nemnt er ei stor belastning for dei som bur i krinsane, og hemmar utviklinga av desse. I Haddal er der nytt byggefelt som vi ynskjer å fylle opp med barnefamiliar, i flott natur for leik og læring. Det er negativt for bulyst når ein «trussel» om skulenedlegging stadig kjem opp. Eg vil ha fjerna tvilen og uroa rundt dette. Eg vil ha liv og bulyst i alle krinsar. Vekst i Ulstein er for meg å ta i bruk heile kommunen  og skape mangfald og valfridom for folk som skal etablere seg, seier Breivik.