Foreldra må sjølve ta kontakt med kyrkja

Kyrkja får ikkje lenger tilsendt liste over alle nyfødde, så no må foreldra sjølve ta kontakt om dei ønskjer dåp til barnet.

Dåp i Hareid: Kyrkja ønskjer alle velkomen til dåp. – Dåpen handlar om å bli boren av den treeinige Gud, ikkje boren av ei tru ein sjølv skal prestere, skriv prosten i ei pressemelding. Pressefoto  Foto: pressefoto

Nyhende

Tidlegare åra fekk kyrkja fødselsmeldingar frå Folkeregisteret når medlemar i Den norske kyrkja fekk barn. På den måten var det enkelt for sokna å kontakte dei nybakte foreldra for å invitere til dåp og orientere om kyrkja sitt tilbod til baby og småbarnsforeldre. Men dette er no endra.

Difor må no kvar einskild ta kontakt og sjekke ut aktuelle datoar for dåp. Nettsida til kyrkja har tilgjengeleg informasjon om dåp, kva det inneber, tidspunkt for dåp, tidspunkt for dåpssamtale og vidare kva barnet blir invitert til å vere med på framover.

Alle sokn tilbyr dåpsopplæring fram til barnet er 18 år.

Dåp i Ulstein: Sist sundag var det to barn som vart døypte i Ulstein. Pressefoto  Foto: pressefoto

 

Inga aldersgrense

Det er inga aldersgrense for å døype seg. Nokre foreldre kan meine at barnet skal velje sjølv. Barn kan ta del i truopplæringa utan å vere døypt, for å så etter kvart finne ut sjølv at det vil døype seg.

Før ein vel å konfirmere seg i kyrkja må ein vere døypt.