Husein Ali

Skreddaren på Hareid

Husein Ali tar på seg alle typar skreddaroppdrag, frå å leggje opp bukser til å trekke opp møblar. Og sist laurdag var han i Molde og henta seg ein ny maskin så han også kan reparere sko.

syr: Husein Ali vil gjerne bidra tilbake til samfunnet og har starta som skreddar i Hareid sentrum. I seks månader har han halde til i andreetasjen på «Rosabygget».  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

I andreetasjen på «Rosabygget» på Hareid, like ved Asia Mat ligg Hareid Tekstil. Her sit kurdiske Husein Ali og syr.

Husein Ali kom til Hareid for to år sidan. Han har nyleg avslutta introkurset og er klar for arbeidslivet. Men det er ikkje så lett å finne seg ein jobb. Han fortel at kona hans også er på leit etter ein jobb.