Reiv naust og bygde nytt, utan å søkje kommunen om løyve

Risikerer gebyr

Inge Eidem risikerer å få overtredingsgebyr, pålegg om retting og tvangsmulkt for riving og oppføring av naust utan søknad og løyve.

Naust: Inge Eidem har ført opp eit naust på Flø utan å søkje kommunen om løyve. Det skal opp som sak i teknisk utval i dag, torsdag. Eidem seier til Vikebladet Vestposten at han vil rette seg etter alle pålegge og at han ber om orsaking for å ikkje ha følgd gjeldande regelverk. Foto: Ulstein kommune.  Foto: Ulstein kommune

Nyhende

Etter Ulstein kommune fekk nyss i at det var rive eit gamalt naust og eit nytt naust var under oppføring på Flø (gnr. 4, bnr. 1), tok dei seg ei synfaring til tomta 31. august 2018. Då fekk dei sjå at dette stemte, og dei konstaterte at tiltaket er søknadspliktig. Dei sende brev om dette til tiltakshavar Inge Eidem, og bad han stoppe arbeidet umiddelbart. Dei sende også kopi til grunneigar, som er Håvard Roppen, så han skulle vere orientert.

Eidem fekk frist på seg til å svare innan 21. september same år, noko han ikkje gjorde.