Tilsett skadd i fallulukke på Amfi i Ulsteinvik

Nyhende

Ei kvinne i 50-åra vart send til sjukehuset i Ålesund med luftambulanse, etter ei fallulukke på kjøpesenteret Amfi i Ulsteinvik torsdag ettermiddag.

Kvinna datt ned då ho jobba med ei utstilling på eit podium i trappeområdet.

Ifølgje operasjonsleiar i politiet, Tove Anita Asp, datt kvinna 2,5-3 meter ned frå podiet til første etasje.

Skadeomfanget er førebels ikkje kjent.

Politiet på etterskot

Ulukka skjedde like etter klokka 14.00, men politiet vart varsla først ein time etterpå.

Dei var på staden i 16-tida.

- Det er sjølvsagt ikkje bra at vi får melding så seint, då kjem vi på etterskot, seier Asp.

Politiet har teke rutinemessige avhøyr og undersøkt området der ulukka skjedde.

- Vi er lei oss

Senterleiar Helene Holstad seier torsdag kveld til Vikebladet Vestposten at ho er svært lei seg for det som har skjedd.

- Politiet har vore her og snakka med oss, og vi følgjer opp saka i morgon, fredag, seier Holstad.

Butikken der kvinna jobba, vart stengd resten av dagen.

Arbeidstilsynet er også varsla.