Tunnelutbetring til ti millionar

Hareid kommunestyre gjekk inn for å løyve 4 nye millionar til sikring av Engeskardtunnelen. Prisen på arbeidet er dermed oppe i ti millionar kroner.

Vart dyrare: Kommunestyret i Hareid bestemte seg for å løyve fire millionar kroner ekstra til sikring og utbetring av Engeskartunnelen, i tillegg til dei seks millionane som allereie er løyvde til prosjektet.  Foto: Arkiv/Anne Gry Eilertsen

Nyhende

– Ja, det er dyrt, men vi må forholde oss til vegvesenet sin standard, sa Kjetil Nesset frå Folkelista då Hareid kommunestyre diskuterte om dei skulle løyve 4 millionar ekstra til sikring av Engeskardtunnelen.

Oskar Grimstad (Frp) meinte at ein måtte bruke pengane med fornuft.