Vassbrot i Osnesvegen

Nyhende

Odd Kåre Wiik i Ulstein kommune melder torsdag at det har oppstått eit brot på ein vassleidning i Osnesvegen. Difor måtte vatnet koplast frå for ein del abonnentar i området (sjå kartet i toppen av saka).

Ifølgje kommunen blir det starta med utbetring innan kort tid og ein reknar med at vatnet vil bli kopla på att i 15-tida torsdag.