BurnOut Dataparty feirar 20-årsjubileum:

Arrangerer gratis vinterferie-LAN

BurnOut Dataparty arrangerer kvar vinterferie eit rusfritt dataparty for ungdom i regionen. I år fyller den frivillige organisasjonen 20 år – og inviterer i høve jubileet til gratis LAN på Ulstein Arena.

LAN på Ulstein Arena Chris Ruben Rise (t.v.) og Per Olav Harkjerr Digre er blant dei i BurnOut Dataparty som arrangerer LAN på Ulstein Arena i vinterferien – det 20. i rekkja.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Det blir det 20. arrangementet i det 20. året organisasjonen BurnOut Dataparty eksisterer, fortel Per Olav Harkjerr Digre og Chris Ruben Rise til Vikebladet Vestposten.

Tidlegare denne veka møtte lokalavisa Per Olav og Chris Ruben til ein prat kring vinterens vakraste eventyr for «gamerar» i regionen vår, nemleg LAN på Ulstein Arena i vinterferien.

– Det er mange som gler seg, inkludert oss to, fortel Per Olav.

Han er den siste igjen av «dei første fem». Dette var dei som stod for arrangementet den første tida.

Feirar med gratis LAN

Arrangementet er i utgangspunktet gratis, men det er likevel eit underliggande krav.

– Først og fremst må ein vere medlem i BurnOut Dataparty, der kontingenten er på 50 kroner, fortel dei to.

Sponsorar er også med på laget, og Tussa stiller med ei nettlinje på enorme 5 gigabyte, slik at dei godt over 200 deltakarane som så langt er påmelde skal ha gode internetthøve.

– Vi har hatt god hjelp frå SSIKT, Ulstein Eigedomsselskap og fleire. Det er ein stor laginnsats som har blitt lagt ned både frå oss sjølve og gode medhjelparar, fortel Per Olav og Chris Ruben.

Arrangementet er ikkje berre speling framfor ein data eller spelkonsoll, men også stappfullt av andre kjekke aktivitetar.

– Det er framleis ledige plassar, men det fyller seg raskt opp. Det er berre å gå inn og sikre seg plassar via nettsida vår eller Facebook-sida vår, seier dei til slutt.