Fleire instansar granskar fallulukka på Amfi

Både politiet, Arbeidstilsynet og kjøpesenteret er i gang med gransking, etter at ein butikk-tilsett vart skadd i ei fallulukke på Amfi i Ulsteinvik torsdag ettermiddag.

etterforsking: Politiet fekk beskjed om fallulukka først etter ein time. Det gjekk endå ein time før dei var på staden for å undersøkje området der kvinna ramla ned.  Foto: Linda Eikrem

Vi fekk beskjed først ein time etter ulukka, og så brukte vi for lang tid på å kome oss til staden

Nyhende

Kvinna datt ned då ho jobba med ei utstilling på eit podium i trappeområdet. Det var snakk om eit fall på mellom 2,5 og 3 meter. Ho vart henta med luftambulanse og frakta til sjukehus.

Sjukehuset har ikkje gitt informasjon om skadeomfanget.