(NPK): Tilbodet blir kalla «Bok på 1-2-3» og er først og fremst laga med tanke på barneskulen.
– Vi ønskjer at Bok på 1-2-3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vera prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vera enkle å ta i bruk, seier Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret i ei pressemelding.
Opplegget omfattar ni utvalde barnebøker som Nynorsksenteret og Ivar Aasen-senteret vil presentera utover i Bokåret.
– Bøkene vil vera tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad slik at lærarane kan bruka dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet.
Lærarane kan også finna boktipsa og undervisningsopplegga på nettsidene til Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet.
Eitt av måla med det nye tilbodet er å visa korleis lærarane kan arbeida tverrfagleg med litteratur. Tilbodet er først og fremst laga for barneskulen, men bøkene og delar av opplegget kan også nyttast i ungdomsskulen, heiter det.