Pengar til MS Hindholmen

MS Hindholmen  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Den verna fiskebåten MS Hindholmen får 110.000 kroner i tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Båten er heimehøyrande på Vartdal i Ørsta kommune, men har fast kaiplass i Ulsteinvik.

Karl Johan Barstad, som er styremedlem i Stiftinga MS Hindholmen, seier dei har ein plan for pengane.

- Dei er øyremerkte overhaling av Wichmann 3AC hovudmaskina frå 1954.

Det er fjerde gong fylkeskommunen har denne støtteordninga i samarbeid med Riksantikvaren.

- Vi er glade for at vi kan dele ut tilskot til seks fartøy. Dei har alle ein viktig kulturhistorisk verdi for fylket vårt. Fartøya som får støtte, er allereie verna, og har eit godt støtteapparat ikring seg. Samstundes er det viktig at tiltaka for å sette i stand fartøya er realistiske og kan gjennomførast, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet, ifølgje ei pressemelding frå fylket.

I tillegg til Hindholmen, får desse fem båtane pengestøtte:

Norden (Eide) får 355 000 kr

Rapp (Kristiansund) får 85 000 kr

Thorolf (Sula) får 165 000 kr

Bilfergen (Ålesund) får  160 000 kr

Slukk (Kristiansund) frå 150 000 kr som er omprioriterte frå 2018.


MS Hindholmen:

Får pengar frå Riksantikvaren

Fiskedampskipet frå 1916 får 180.000 kroner i tilskot, og er einaste båt frå Møre og Romsdal som får i år.