Soknet fekk pengar til ny stilling ved kyrkjegarden

Utvida: Hareid sokn har i mange år bedt om å få pengar til å auke bemanninga ved kyrkjegarden og etter at dei sist sommar overtok ansvaret for den nye delen av kyrkjegarden har behovet auka ytterlegare. Dei har difor tilsett ein ny medarbeidar, trass i at det ikkje var avsett pengar til dette på budsjettet. Arkivfoto  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

Hareid kyrkjelege fellesråd har tilsett ein kyrkjegardsarbeidar/kyrkjetenar i 100 % stilling. I tillegg har noverande kyrkjegardsarbeidar redusert stillinga si til 60 prosent. Den nye kyrkjegardsarbeidaren tek til i arbeidet 1. april i år og dette medfører ein ekstra kostnad på 101.000 kroner i løn og sosiale utgifter for 2019.