– Målet er ein betre fotballprestasjon

Hødd møter eit forsterka Molde 2 på bortebane.

Til Molde: I fjor fekk Isak Skotheim bryne seg mot Fredrik Aursnes. Laurdag møter Hødd eit forsterka Molde 2 i Molde.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

Laurdag reiser Hødd til Molde for å møte Molde 2. Ifølgje Sander Håskjold Nyland blir dette eit Molde-lag forsterka med nokre a-spelarar og han forventar at Hødd får bra motstand på Aker Stadion.

Håskjold Nyland fortel at dei reiser oppover med alle spelarane på a-kontrakt, sjølv om det er eit par mann som er noko usikre. Peter Hasund har slite med sjukdom, medan Håkon Brautaset har trøbla med eit kne. I tillegg har mellom anna Joachim Osvold vore sjuk tidlegare i veka.

– Det blir ein fin test. Vi har ein del nye relasjonar i laget og vi har endra formasjon frå i fjor. Eg håpar vi får sjå framgang frå sist. Målet er å få ei god trening og at vi leverer ein betre fotballprestasjon enn mot Spjelkavik, seier trenaren.