Roger og Sølvi flytta frå Hallebygda til Ulsteinvik:

– Vi får meir besøk her enn då vi budde i Sande

Stadig fleire gjer som Roger Gjerde og Sølvi Voldnes: flyttar til Ulsteinvik frå nabokommunane.

Ulstein kommune har gjort veldig mykje rett, her er det meste

Nyhende

– Vi møtte kvarandre i godt vaksen alder, og det å ta avgjerda om å flytte til Ulsteinvik var ein modningsprosess, fortel paret.

Han er 62 og opphavleg frå Gjerdsvika, ho er 55 og frå Leikong. Dei har vore eit par i snart elleve år, og møttest då Sølvi fekk jobb i bedrifta John Gjerde AS i Gjerdsvika, der Roger var dagleg leiar og eigar. Sølvi jobbar framleis med sal i bedrifta, medan Roger «øver seg på å vere pensjonist».