Fredrik i farsrolla

Fredrik Steen kunne ta i mot ståande applaus frå heimepublikum då showet «Breaking Dad» hadde premiere på Sjøborg fredag.

Premiere: Fredrik Steen sitt nye show «Breaking Dad» hadde premiere på Sjøborg i Ulsteinvik sist helg. – Eg kjenner meg meir avkledd enn vanleg når eg spelar framfor folk eg kjenner, seier komikaren 

Nyhende

– Det er eit godt teikn når venene dine vert verande att etter framsyninga for å gratulere, i staden for å prøve snike seg ut usett, seier Fredrik Steen som hadde flust opp med å helse på gamle kjente då han kom «heim» til Ulsteinvik for å ha premiere på det nye showet sitt. «Breaking Dad» hadde framsyningar både fredag og laurdag.