Mista jobben, fekk realisert draumen

Gründeren

Då maskiningeniør Geir Ståle Kleppe (50) i 2016 vart råka av nedbemanning i Aker Subsea fann han ut at det var på tide å realisere ein draum. I dag driv han firmaet Utsudr, og har nyst lansert «Skeasy», som kan bli ei lette for små barn – og foreldra deira – ute på skitur.

Gründer: Ideen til Skeasy fekk Geir Ståle Kleppe for mange år sidan under ein skitur som ikkje vart så kjekk saman med sonen Sondre som då var to år. No har han kontorfellesskap på Bitraf i Oslo. 

Nyhende

Geir Ståle er fødd og oppvaksen på Teigane i Hareid og kjem frå ein søskenflokk på fire. Frå han var liten har han boltra seg på miniski i Teigebakkane, og rakk ein kort karriere i alpinklubben «Hauk» før han gjekk over til telemarkski.