Møre Ocean Lab

Her må Hareid kjenne si besøkelsestid

«Møre Ocean Lab» Viss oppmøtet på orienteringa måndag speglar interessa for prosjektet, er det grunn til å tru at «Vekst i Hareid» blir eit vellukka tiltak.  Foto: Jorulf Myrene

Nyhende

Folk gjekk mann av huse måndag, for å få med seg eit møte på hotellet på Hareid. Tema: Møre Ocean Lab, som er ein del av Fjordlab, som igjen er knytt til storsatsinga Ocean Space Center i Trondheim. Kort fortalt går prosjektet ut på å etablere eit forsøkslaboratorium i Storfjorden. Og det er her Hareid må kjenne si besøkstid.

Hareid Næringsforum har allereie ymta frampå om at prosjektet kan gje så mange som to hundre nye arbeidsplassar i Hareid.

Det hadde kome godt med, i ein kommune med mange arbeidsledige. Ved utgangen av januar var arbeidsløysa på 2,6 prosent i Noreg. Hareid hadde med 4,1 prosent den nest høgaste arbeidsløysa i Møre og Romsdal og mellom den høgaste i heile landet.

Lokalpolitikarane i Hareid vart orienterte om prosjektet i Storfjorden før kommunestyremøtet torsdag. I tillegg er prosjektleiaren for «Vekst i Hareid» på plass. Målet er å få vekst i næringslivet og finne nye område som kan gje nye arbeidsplassar. «Vekst i Hareid» er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, Hareid kommune, Hareid Næringsforum og Innovasjon Norge. «Det arbeidet eg vil gjere her vil truleg bety mykje for mange», sa prosjektleiar John Breivik til Vikebladet Vestposten rett etter nyttår.

For å få vekst i Hareid treng prosjektleiaren hjelp. For at dette skal lukkast, er det viktig at så mange som mogleg engasjerer seg. Det gjeld både privatpersonar, lokalpolitikarar og næringslivet i kommunen.

Viss oppmøtet på orienteringa måndag speglar interessa for prosjektet, er det grunn til å tru at «Vekst i Hareid» blir eit vellukka tiltak.