– Eg vart bergteken, og glad for at ho ville møte meg dagen etter, og dagen etter der igjen

Kanskje dirra lufta litt ekstra den augustkvelden i 1951 då 31 år gamle Ragnar Ulstein for første gong møtte sju år yngre Jenny Hermine på ein hybel i Oslo. I løpet av nokre minutt vart han stormande forelska, og sikker på at han hadde møtt kvinna han ville dele resten av livet med.

Trulova: Jenny Hermine Akselsen og Ragnar Ulstein vart fotograferte dei dagen dei trulova seg. Foto: Ukjend. 

Nyhende

Det har gått 68 år sidan det første møtet. Den tidlegare Linge-mannen, journalisten, forfattaren og krigshistorikaren blir straks 99 år, og den før så spenstige kroppen har sokke saman. Men hovudet er klart, og sinnet vennleg. Jenny Hermine, til dagleg Jenny Mine, blir 92 år til hausten og har framleis den mjuke arendalsdialekta. Håret skin som ein sølvkrans, og ho utstråler ei trygg ro.

Ekteparet bur på Emblem, med yngstesonen Anders, kona hans og tre barn i etasjen over seg. I hagen nedanfor huset bur sonen Magne med familie i eige hus, og i eit anna bur dottera Birgitte og familien hennar. Så det aldrande ekteparet er tett omringa av sin næraste familie.