Kåra til Årets butikk

– Dette var utruleg gøy, seier butikksjef Tor Einar Aamelfot etter at Europris i Ulsteinvik vart kåra til Årets butikk.

Årets butikk: Butikksjef i Europris Ulsteinvik, Tor Einar Aamelfot, har nett fått overrekt både statuett og diplom som eit prov på at butikken han er leiar for er kåra til Årets butikk 2018 i Europris.  Foto: Europris

Nyhende

Butikkjeda Europris har nesten 260 butikkar fordelt over heile landet. Sist helg var butikksjefar og franchisehavarar samla på Gardermoen til kickoff for sommarsesongen. Prisen vart delt ut under ein bankett fredag kveld.

– Eg vil seie at dette er ein ganske god prestasjon, seier butikksjef ved Europris i Ulsteinvik, Tor Einar Aamelfot.

Ifølgje tal frå Europris har Aamelfot og medarbeidarane hans levert ein vekst i omsetnaden på 12,7 prosent. Butikken i Ulsteinvik omsette for 31,3 millionar kroner i 2018. I tillegg har dei nesten fordobla overskotet, frå dryge 900.000 i 2017 til 1,7 millionar i 2018.

– Alle dei som var nominerte til Årets butikk har levert svært sterke prestasjonar i 2018, seier sals- og driftsdirektør i Europris, Øyvind Haakerud, som fortel at for å verte nominert må butikksjefen og dei tilsette vere ekstremt opptekne av å gripe moglegheitene og tilfredsstille kundane.

I tillegg vart Sunnmøre og Sogn, under leiing av distriktssjef Olliver Jarnes, kåra til årets distrikt.

- Med glimt i auget

– Omsetningsvekst og god lønsemd er viktig, men i tillegg vert det lagt vekt på butikkpersonalet har det ekstra glimtet i auget og gir eit positivt ansikt ut mot kundane, fortel Aamelfot.

Dette meiner han at Europris i Ulsteinvik har lukkast med.

– Vi brukar gjerne å gjere litt ekstra ut av tilbodskampanjane vi har i butikken, vi lagar litt liv og passar på å fylle opp med nok av dei varene vi har kampanje på slik at det ikkje skal verte tomt.

Då dei sist haust feira at det var fem år sidan dei flytta inn i dagens lokale i Nesevegen på Saunes, inviterte dei på kake og hadde tilbod på utvalde varer.

– Det tok heilt av! Men sjølv om vi vart ståande og servere kake heile dagen, så var det skikkeleg artig, seier butikksjefen som no vil invitere til ny fest for å feire at dei vart Årets butikk.

– Då vert det gratis kake og spesialtilbod på nokre av varene. Eg tenker at vi køyrer tilbod på smågodt i alle fall, så får dei andre varene verte ei overrasking når den tid kjem, seier Tor Einar Aamelfot,

Europris etablerte seg i Ulsteinvik 1. juni 1996, neste år er det 25 år sidan.

– Då må vi vel til med endå ein fest, seier butikksjefen.