Ungdomsutveksling for 45 år sidan

Ungdomsutveksling: I 1973 sende Ulstein Rotaryklubb ein gjeng ungdomar frå kommunen på ungdomsutveksling til rotaryklubben Turriff i Skottland. Og året etter vart det gjenvisitt frå Skottland då ein gjeng skotske ungdomar kom til Ulsteinvik og vart innlosjerte hos lokale rotarymedlemer for å lære om norsk kultur og bli kjende med norske ungdomar. Her er gjengen på tur til Eiksund ein sommarkveld. Dei har brent bål på berget, spidda pølser og blitt fotograferte av Peder Fritz Waage. Bak frå venstre ser vi Siri Waage og Håkon Waage med ein pelskrage av det noko storslåtte slaget på skinnjakka si. Neste person er ukjend, men så følgjer Jan Einar Saunes og skottane Andrew Shinie og Iain Templeton. Jenta i den raude anorakken og med hue på hovudet er skotsk, og vi har ikkje klart å skaffe namnet verken på henne eller den svartkledde jenta ho sit saman med. Men jenta som sit fremst til venstre er Sissel Moldskred, truleg med ei skotsk jente ved sida av seg. Og guten med det praktfulle håret som sit for seg sjølv, er Njål Vikanes. Som vi ser: langt hår, slengbukser og skinnjakker med store kragar var topp mote i Ulsteinvik i 1974. Det er Håkon Waage som har lånt oss bildet. Han har framleis kontakt med Andrew Shinie og Ian Thampleton via Facebook. Så ungdomsutvekslinga til Rotary har fungert. ANNE GRY EILERTSEN 

Nyhende

I 1973 sende Ulstein Rotaryklubb ein gjeng ungdomar frå kommunen på ungdomsutveksling til rotaryklubben Turriff i Skottland. Og året etter vart det gjenvisitt frå Skottland då ein gjeng skotske ungdomar kom til Ulsteinvik og vart innlosjerte hos lokale rotarymedlemer for å lære om norsk kultur og bli kjende med norske ungdomar.

Her er gjengen på tur til Eiksund ein sommarkveld. Dei har brent bål på berget, spidda pølser og blitt fotograferte av Peder Fritz Waage.