Overgrepsdømt identifisert på Facebook:

– Svært ubehageleg

Ein mann i 70-åra, som nyleg vart dømt for seksuelle overgrep på Internett, vart i helga identifisert i eit innlegg på Facebook.

Tingretten: Aktor Ingvild Thorn Nordheim og forsvarar Axel Lange i Søre Sunnmøre tingrett i januar i år. Ein mann i 70-åra vart dømt til fengsel i tolv og eit halvt år for overgrep via Internett. Foto: ANNE-MARI TOMASGARD, Sunnmørsposten  Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Nyhende

– Eg har nettopp snakka med klienten min, han fortel at han opplever dette som ein offentleg gapestokk, seier advokat Axel Lange til Vikebladet Vestposten måndag morgon.  Han forsvarte mannen i Søre Sunnmøre tingrett då saka var oppe i januar.