Lågaste straumpris hittil i år

I helga kosta ein kilowattime straum 46 øre på kraftbørsen Nord Pool. Det er den lågaste straumprisen så langt i 2019.

Nedbør, mildvêr og ekstra mykje dansk vindkraft bidrog til lågare straumprisar i helga.   Foto: Illustrasjon/Terje Pedersen/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Prisen før nettleige og avgifter var venta å bli den same måndag, opplyste bransjeorganisasjonen Energi Noreg i ei pressemelding søndag.

Prisfallet i helga blir forklart med nedbør som har fylt på vassmagasina, der det har vore mindre vatn enn normalt etter tørkesommaren i fjor. I tillegg var det mildare vêr i helga, noko som førte til at det vart brukt mindre straum til oppvarming.

Lågare etterspurnad senkar prisane, her som i andre marknader, skriv informasjonssjef Aslak Øverås i Energi Noreg.

På tilbodssida har dansk vindkraft bidrege positiv, og vi importerte straum frå Danmark, Sverige og Nederland i helga. Den siste veka var Noreg ein netto straumimportør.

Straumprisen i helga var 20 øre lågare enn på den dyraste dagen sidan årsskiftet.