Ulstein kommune vil ha masterplan for turisme

Ulstein kommune vil be inn dei andre kommunane i regionen til å lage ein masterplan for turisme i regionen vår.

Ålesund-regionen har dei siste 20 åra har god vekst i talet på overnattingsdøgn på hotell. No vil Ulstein finne ut kva dei kan gjere for å få fleire turistar til Ulstein.   Foto: Arkiv/Ragnhild Vartdal.

Turisme vil ikkje berre skape vekst for reiselivsbransjen isolert, men har store ringverknader på lokal handel -og servicenæring.

Strateginotat for ein reiselivsplan for Ulstein kommune.
Nyhende

Bakgrunnen er eit verbalpunkt frå kommunestyret under budsjettarbeidet før jul.

Det har vore gjennomført ein arbeidsverkstad med deltakarar frå reiselivet, Destinasjon Ålesnd og Sunnmøre (DÅS) og Ulstein kommune. Det er ut frå dett utarbeidd eit strateginotat.