Usemje om universell utforming

I fronten av Sjøsida 2 vil det kome eit uteområde mot sjø. På den eine sida vil det kome ei rampe som stettar krava til universell utforming, men på den andre sida vil utbyggjar ha ei trapp.   Foto: Slyngstad Aamlid Arkitekter

Nyhende

Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne slo førre veke fast at dei ønskjer universell utforming på båe sider av gangarealet mot sjø, som skal gå rundt det nye bygget på Sjøsida som er under oppføring.

Ulstein kommune har tidlegare gitt utbyggjar dispensasjon til å berre ha universell utforming på eine sida av gangtraseen mot sjø, på den andre sida skal det vere trapp, dette på grunn av stigninga. Det skal også vere ein gangpassasje gjennom bygget, med universell utforming.