Forbrukarrådet sin kommunetest for 2019:

Både Hareid og Ulstein hamnar rundt snittet

Begge kommunane ligg rundt fylkes- og landssnittet i kommunetesten til Forbrukarrådet.
Nyhende

I Forbrukarrådet sin store kommunetest hamnar både Hareid kommune og Ulstein kommune (trykk på lenkja for å sjå tala) like i nærleiken av både fylkes- og landssnittet. Men sjølv om desse to kommunane gjorde det sånn passe bra, var det likevel ein annan kommune i Møre og Romsdal som gjekk heilt til topps i år - Nesset kommune i Romsdal. Nesset fekk ein poengsum på 77,6 av 100 moglege poeng, og tok førsteplassen like framfor Bergen kommune, som fekk 75,3 poeng.

Medan Hareid i testen hamnar på ein 198. plass blant landets 422 kommunar, finn ein Ulstein eit stykke lengre ned, på 246. plass. Dei to kommunane fekk ein "score" på høvesvis 52,5 og 49,5 poeng av 100 moglege. Bak talet ser ein til dømes at Hareid scorar høgt på informasjon om helsetenester (65/100), men lågt på barnehagar (23/100). I Ulstein scorar ein høgt på kommunehelsetenesta (80/100), men lågt på barnehagar (23/100). Det skal også poengterast at det ikkje er alle felta som er testa like godt.

Om ein ser på det historiske perspektivet, sidan dette er ein test Forbrukarrådet utfører kvart tredje år, ser ein at Hareid kommune i 2016 hamna på 219 plass av landets då 428 kommunar, med ein poengsum på 54,6, medan Ulstein fekk 61,9 poeng - og blei tildelt 101. plass. Så medan Hareid har klatra 21 plassar, har Ulstein rasa nedover på lista.

Dei andre kommunane på Søre Sunnmøre fekk ganske så ulike poengsummar. Frå Sande, som ligg oppe på ein 44. plass med 63,7 poeng, til Herøy på 211. plass med 51,4 poeng, vidare til Vanylven - som ligg desidert sist av kommunane i regionen - på 377. plass med 37,6 poeng - til dei to kommunane på indre, Ørsta (101. plass - 58,8 poeng) og Volda (118. plass - 57,6 poeng).

Har testa kommunane på fleire felt

Føremålet med testen var å finne ut kor godt kommunane kommuniserer ut opplysningar om ulike tenester og tilbod. Det er utifrå svara Forbrukarrådet har fått på dei ulike testane at dei har kome fram til kva for poengsum kvar einskild kommune fekk.

For å få eit realistisk inntrykk av korleis folk blir møtt i kommunikasjon med kommunen, har testmedarbeidarane til Forbrukarrådet stilt spørsmål som om dei var privatpersonar. Det blei søkt om informasjon kring SFO, byggesakshandsaming og moglegheita for å få fast heimehjelp, til dømes. Svara testpersonane så fekk blei vurdert etter kor raskt dei kom og kva for relevans dei hadde. Alle Norges 422 kommunar blei testa, med til saman 29.000 spørsmål. Forbrukarrådet fortel vidare at dei har sendt tre separate e-postar og ringt to gonger til kvar av kommunane. I tillegg til dette har dei leita etter 24 ulike informasjonselement på kvar av kommunane sine heimesider, både på mobil og stasjonær datamaskin.

Ein kan sjå heile lista og kva for enkeltpoengsummar kvar av kommunane fekk ved å trykke inn på denne lenkja, og trykkje vidare inn på den kommunen ein ønskjer å sjå på.

Vi  vil strekke oss mot fleire poeng i neste runde

- Hareid kommune arbeider målretta med å betre informasjon og dialog med innbyggarane, og det er difor kjekt å sjå at vi beveger oss i rett retning. Vi er over landssnittet, men under fylkessnittet og dette er ei plassering vi ikkje er nøgde med. Resultatet frå undersøkinga gir oss god kunnskap om kvar vi må verte betre, og det skal vi nytte aktivt. Vi er i ei oppbyggingsfase med ny heimeside, og har ein jobb å gjere med å få inn nok relevant informasjon her. Vår informasjonskonsulent tok til i stillinga før jul. Han er ein viktig ressurs i innbyggardialogen, og sentral for oss i det vidare arbeidet. Elles vil eg oppmode folk om å bruke tilbakemeldingsknappen som ligg nest på alle artiklar/sider om de ikkje finn det de leiter etter på heimesida, kommenterer Ragnhild Velsvik Berge, rådmann i Hareid kommune.