Regjeringa med ny havpolitikk

Regjeringa skal lage ein oppdatert havstrategi, som byggjer vidare på havsatsinga deira.

Regjeringa skal lage ein oppdatert havstrategi, som byggjer vidare på havsatsinga deira.  Foto: Illustrasjon: Andreas Bjerknes

Nyhende

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen kom med nyheita på Haramskonferansen i Møre og Romsdal 12. februar.

– Havet er viktig for norsk økonomi, og vil vere ei sentral kjelde til verdiskaping og arbeidsplassar for Noreg i framtida. Den veksande verdsbefolkninga har behov for nye jobbar, nok og rett mat, medisinar og reint miljø. Mange av desse behova vert dekte gjennom berekraftig bruk av havet, og Noreg har allereie fleire verdsleiande aktørar, seier næringsministeren.

I 2017 la regjeringa fram ein eigen havstrategi og ei stortingsmelding om hav i utanriks- og utviklingspolitikken, der målet var at Noreg skal vere ein leiande havnasjon.

– Noreg er ein av dei største sjømatnasjonane i verda, og det ligg enorme moglegheiter i havet. Vi må utnytte fortrinna våre, slik at vi kan skape fleire blå jobbar. Ny teknologi og nye løysingar krev at vi heile tida er i forkant av utviklinga. Derfor vil vi i vår leggje fram ny havpolitikk, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Regjeringa skal bruke våren 2019 til å gjennomgå havpolitikken på ny, for å sjå om vi går i riktig retning og vurdere kvar vi ønskjer å vere i framtida.