Største ombyggingskontrakten verftet nokon gong har fått

For tre år sidan gjennomførte Myklebust Vert ei stor ombygging av AKER Wayfarer for AKOFS.   Foto: pressefoto

Nyhende

Myklebust Verft har inngått kontrakt med AKOFS Offshore om ei stor oppgradering av brønnintervensjonsfartøyet AKOFS Seafarer.

Etter planen skal fartøyet kome til verftet i mai, og størstedelen av arbeidet frå verftet skal vere utført innan oktober 2019, står det i ei pressemelding frå verftet. Det er også det første store oppdraget dei får etter Myklebust og Kleven skilde lag.

- Dette er ein gledens og historisk dag for alle våre tilsette, seier dagleg leiar i Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide, i same pressemelding.

Verfter har også tidlegare utført arbeid for AKOFS Offshore. For tre år sidan gjaldt det eit liknande fartøy, AKER Wayfarer. Hide ser det som ei tillitserklæring av reiarlaget vel å kome tilbake til dei, og varslar at det vil bli kakefest for å feire kontrakten.

AKOFS Seafarer skal utføre lette brønnintervensjonsoppdrag på den norske kontinentalsokkelen. Fartøyet skal vere klart for operasjon til første kvartal 2020.