Ulstein formannskap:

Vernar om skulestrukturen

Eit samrøystes formannskap stemte for å ta ut omstillingspunktet om å effektivisere skulestrukturen i Ulstein kommune. Eit punkt som høgst truleg ville ført til nedlegging av Haddal-skulen.

Magne Grimstad jr. var av formannskapspolitikarane som meinte det var unødvendig å ta opp igjen skulestrukturen med tanke på økonomisk innsparing.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Saka om omstillingstiltak som blir føreslått av administrasjonen i Ulstein kommune i samråd med Agenda Kaupang AS har vakt reaksjonar – også i dagane før formannskapsmøtet tysdag. Først og fremst skuldast dette at ei effektivisering av skulestrukturen i Ulstein kommune nok ein gong blir trekt fram som eit punkt for innsparing. Høgst truleg ville ei slik effektivisering ha ført til nedlegging av Haddal-skulen.

På bakarste benk i kommunestyresalen følgde bygdefolk frå Haddal, Garnes og Eiksund nøye med på debatten kring omstillingstiltak-saka.