I fjor var Kåre Leif Haddal 39 turar på sjukehuset i Ålesund. Dette er reiser han får refundert i ettertid, så lenge han søkjer om det og dokumenterer kva utgifter han har hatt. Det har til no gått heilt fint. På ferjebillettane til Norled stod det kva Haddal hadde betalt på overfarten.
Men frå nyttår er det Fjord1 som har trafikkert sambandet Hareid-Sulesund. Og på billettane på dei nye ferjene står det ikkje kva billetten kostar. Haddal fortel at han har bede mannskapet på ferja om dei kan skrive på billetten kva han kostar. Men nei, det kan dei ikkje.